Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde fredag kveld om ei trafikkulykke i Hornindal. Meldinga skal ha kome kloka 16.58.

Ein bil skal ha køyrt i grøfta og hamna på taket.

Politiet opplyste seinare at føraren av bilen var vaken og bevisst, men at han vartteken vare på av ambulansepersonell og køyrt frå staden.

På dåverande tidspunkt var det ukjent om han vart sendt til akuttmottak eller til legevakt, men seinare meldingar opplyste at han var sendt til Førde sentralsjukehus.

Det har ikkje vore trafikale problem knytt til ulykka, men bilbergar vart bestilt for å fjerne bilen frå grøfta.

Det er heller ikkje mistanke om rus, melder politiet.