Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkuhell i Gulen

Ein bil har køyrt utfor vegen ved Sørsidevegen på Fv5586 i Gulen. Trafikkuhellet gjer at det er redusert framkomst på staden.

Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, men to personar blir sett til av lokalt brannvesen. Bilen står no på hjula, men har vore over på sida, ifølge Vest politidistrikt.

Naudetatane er på veg.