– Sjåføren skal ha svinga inntil vegkanten, og så fått to dekk utfor, seier Ingrid Enachescu ved Fjaler politistasjon.
Enachescu er på staden, og fortel til Firda sin journalist at det skal ha komme eit køyretøy i motgåande retning. For å gi veg måtte sjåføren dermed svinge ut mot sida. Han skal ikkje hatt tid til å komme seg ut att på vegen, før to av hjula blei hekta på yttersida av vegkanten.
– Det er ingen mistanke om rus, og vedkommande har blitt dimittert, seier ho.
Klokka 11:56 måndag føremiddag fekk operasjonssentralen melding om ei trafikkulykke i Dale.
Ein bil hadde køyrd utfor vegen i ei 80-sone på Dalsvegen. Ulykka skjedde i Stavsdalen, rett før Flekke.
Erik Loftesnes, operasjonsleiar fortel at det var sjåføren sjølv som melde frå om ulykka. Airbagen er ikkje løyst ut, og bilen står til slik at det er fri ferdsel forbi staden.
Opphavleg vart to patruljar kalla ut, men éin bil vart send i retur då dei første betjentane kom fram.
– No vil vi ta opp forklaring frå sjåføren og undersøke kva årsaka til ulykka er, seier operasjonsleiaren.
Mellom anna vil dei sjå på moglege skadar på, eller hindringar i vegbana og ta ein rutinemessig promillekontroll.

Opna for trafikk etter at vogntoghengjar velta på RV 5 i Lærdal
Sogning tiltalt for vald mot kvinne
