Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkstasjonen held framleis stengt

Artikkelen er over 1 år gammel

For å begrense koronasmitte held Statens vegvesen framleis trafikkstasjonane stengt over påske.

– Vi følger helsemyndigheitene sine anbefalingar og gjer løpande vurderingar av kva som er forsvarleg. Vi jobbar med tiltak som kan gjere det aktuelt å opne trafikkstasjonane delvis igjen, men dette krev ein del planlegging, seier direktør Bodil Rønning Dreyer i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Stenginga inneber at alle skranketenester er heilt stengde, at dei ikkje er mogleg å gjennomføre teoriprøver og at oppkøyringar er avlyst til og med 17. april. Tilbodet av køyrekontrollar i hall er redusert.

Kommentarer til denne saken