Trafikkopplæringa for lastebil startar igjen

STARTAR OPP IGJEN: Trafikkopplæringa for dei tyngste køyretøya kan starte opp igjen etter at avstandsråda er endra frå to til ein meter. Trafikkopplæringa for vanlege bilar får førebels vente.

STARTAR OPP IGJEN: Trafikkopplæringa for dei tyngste køyretøya kan starte opp igjen etter at avstandsråda er endra frå to til ein meter. Trafikkopplæringa for vanlege bilar får førebels vente. Foto:

Av
DEL

Det reduserte avstandsrådet gjer at trafikkopplæringa for dei tyngste køyretøya kan takast opp igjen. For personbilar er det framleis koronastopp.

Rådet om avstand er redusert frå to til éin meter, og dermed er det praktisk mogleg å halde avstanden i lastebil og buss.

– Trafikkopplæring for dei tyngste køyretøya er viktig både for trafikkskulane, som er hardt ramma av smitteverntiltaka, og for dei som treng førarkort for dei tyngste køyretøya for å komme i jobb, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Det er helsestyresmaktene som avgjer når trafikkskulane kan starte opp igjen opplæringa for førarkort klasse B, opplyser Vegvesenet.

(©NPK)

Artikkeltags