– Det har vore ein del småplukk her og der. Vi har fått ein del meldingar om mykje vatn, og nokre meldingar om småras, seier trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad fredag morgon.

I løpet av natta har det mellom anna gått nokre småras på fv. 55. i Høyanger kommune. Vegen vart ikkje stengd, men operatørar vart sendt ut for å rydde vegen.

Også ved Sværafjorden på fv. 613 i Balestrand har det fredag morgon kome inn meldingar om at det ligg litt stein og jordmassar i vegen.

– Men det skal vere passering for bil, seier Englaugstad.

Fleire vegar råka

Englaugstad seier dette er blant fleire meldingar som har kome inn i løpet av natta frå gamlefylket på grunn av uvêret.

Torsdag kveld gjekk det også ras over fv. 5606 ved Menes i Sogndal kommune. Dessutan valte Vegvesenet å stenge fv. 609 mellom Askvoll og Førde grunna rasfare. Det same gjorde dei med Skjerdalsvegen på fv. 5625 i Aurland kommune.

– Uvêret er venta å halde fram, og det ligg ute farevarsel for både jord,- sørpe, og flaumskred, seier han.

Ber folk vere varsame

Sidan nedbøren er venta å halde fram, ber trafikkoperatøren folk om å vere varsame dersom ein skal ut og køyre.

– Skal du ut og ferdast langs vegane bør du vere litt obs, spesielt på rasutsette vegar. Hald deg heime dersom du absolutt ikkje må ut og køyre.

Til slutt ber han alle om å følge godt med på trafikkmeldingar og på vêrmeldingar.