Fredag morgon hadde Statens vegvesen trafikkontroll på trafikkstasjonen i Førde. Ein utanlandsk buss stakk av frå kontrollen.

Bussen blei henta inn att av ein politipatrulje i Årdal på Jølster, og vart tatt med tilbake til kontrollen. Det melde Vest politidistrikt like etter klokka 11.00 fredag.

Ingenting gale med bussen

Men, no er ikkje Vegvesenet sikker på om dei henta igjen rett bil.

– Eg har kontrollert bussen og eg har ikkje funne noko direkte årsak til kvifor bussen skulle stikke frå kontrollen, seier Terje Nygård, inspektør i Statens vegvesen til Firda.

Det var ingenting gale teknisk med bilen, ei heller brot på køyre- og kviletid. Bussen som vart stoppa hadde 37 turistar om bord og høyrer til eit selskap i Litauen.

Blir ikkje meld

– Under kontrollen fekk eg opplysningar frå guide og sjåfør at fleire bussar frå same selskap har reist frå same hotell i Førde med fem til 10 minutts mellomrom. Eg har sjekka det med hotellet og den informasjonen stemmer. Det vil seie at det truleg er ein anna buss som har stukke frå kontrollen, forklarer Nygård.

For etter at den aktuelle bussen stakk, av vart skilta om kontroll på Sanderplassen tatt ned ein periode. Difor kan det stemme at bussen som vart stoppa i Årdal aldri har sett skiltet om kontroll.

– Vi kan ikkje melde sjåføren på bakgrunn av indisiar. For vi kan ikkje med sikkerheit bevise at er rett køyretøy vi har henta inn. Bussen vart fanga opp på overvakingskamera då den køyrde forbi, men vi fekk ikkje tatt kjennemerke på den, seier Nygård.