Alle trafikklysa i krysset ved drosjesentralen og Kunstmuseet (Langebruvegen/Angedalsvegen) i Førde er ute av drift. Det ser ut som det blir jobba med å få dei opp å gå att, seier Firdas journalist, som er på staden.

– Det går føre seg eit arbeid på signalanlegga, seier trafikkoperatør Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen.