Trafikken stod i stampe på E39 – vegarbeid måtte avsluttast

KØ: Bilistar som skulle mot Jølster måtte smørje seg med tolmod.

KØ: Bilistar som skulle mot Jølster måtte smørje seg med tolmod. Foto:

Det opplyser Vegtrafikksentralen.

DEL

Tysdag ettermiddag var det lange køar på E39 ved Kusslia i Førde. Der held ein på å bygge gang- og sykkelveg, og trafikken skal etter planen regulerast av lyssignal.

Denne ettermiddagen gjekk ikkje det heilt etter planen. I 16-tida stod bilkøen frå Kusslia til Sunde-krysset. Ifølgje ein Firda-tipsar var det saktegåande kø i ein halvtime.

– Trafikken var større enn dei hadde rekna med, så lysreguleringa fungerte ikkje optimalt. Dei valde då å avslutte arbeidet for dagen. No er det fri ferdsel forbi arbeidsområdet, seier trafikkoperatør Jan Erikstad.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags