Mange køyrer frå påkøyrde dyr

MØRKETAL: Mange dyr vert påkøyrd i trafikken utan at det vert meldt i frå. Arne Voll trur mange er redde for å bli stilt økonomisk ansvarleg for dyret.

MØRKETAL: Mange dyr vert påkøyrd i trafikken utan at det vert meldt i frå. Arne Voll trur mange er redde for å bli stilt økonomisk ansvarleg for dyret. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

I 2016 vart 203 dyrepåkøyrslar i Sogn og Fjordane varsla til forsikringsselskapa. Arne Voll i Gjensidige meiner mange dyrelidingar kunne vore unngått dersom fleire melde frå.

DEL

Tal frå Hjorteviltregisteret vitnar om høge og aukande tal dyrepåkøyrslar i landet kvart år. Den same utviklinga er å sjå i tala frå Finans Norge, for kor mange dyrepåkøyrslar som er melde inn til forsikringsselskapa. Men her meiner kommunikasjonssjefen i Gjensidige at mørketala er store: 

– Dersom ein køyrer på eit dyr blir ein kanskje litt redd, og lurar på kva som har skjedd og kva ein skal gjere. Dette kan ofte ende i at ein berre køyrer vidare, seier Arne Voll til Firda.

Kostar ingenting

Voll trur at ein av hovudgrunnane til at ein ikkje melder ifrå til politi eller viltforvaltninga dersom ein køyrer på eit dyr, er at ein er redd for å bli stilt økonomisk ansvarleg for skaden. Det meiner han er ei farleg myte:

FORSIKRING: Arne Voll er kommunikasjonssjef i Gjensidige, og trur det er få som er klare over at det ikkje er eigendel eller bonustap på forsikringa ved dyrepåkøyrslar.

FORSIKRING: Arne Voll er kommunikasjonssjef i Gjensidige, og trur det er få som er klare over at det ikkje er eigendel eller bonustap på forsikringa ved dyrepåkøyrslar. Foto:

– Mange er nok ikkje klar over at ein slepp både eigendel og bonustap på forsikringa si dersom ein treff eit dyr når ein køyrer. Så langt eg veit gjelder dette heile forsikringsbransjen, så det er ingenting å vinne på å ikkje melde ifrå om at ein har køyrd på eit dyr, understrekar Voll.

– Det kan riktig nok koste deg dyrt å vere uheldig, men ikkje i dette tilfellet, påpeikar han.

Sogn og Fjordane på riktig veg

– På landsbasis er det ein auke i tal dyrepåkøyrslar frå år til år, men så langt eg ser går Sogn og Fjordane imot straumen, forklarar Voll, og viser til at Sogn og Fjordane har hatt ein nedgang i melde dyrepåkøyrslar frå 307 i 2015 til 203 i 2016.

HJORT: Statistikk frå Hjorteviltregisteret så langt i år, viser at det hovudsakeleg er hjort som blir meldt påkøyrd i Sogn og Fjordane.

HJORT: Statistikk frå Hjorteviltregisteret så langt i år, viser at det hovudsakeleg er hjort som blir meldt påkøyrd i Sogn og Fjordane. Foto:

Voll påpeikar også at Sogn og Fjordane ligg langt unna nabofylka våre:

– Begge nabofylka har ein auke i tal dyrepåkøyrslar. Møre og Romsdal hadde over 700 melde påkøyrslar i 2016, og ligg difor heilt i toppen saman med Hedmark, medan det i Hordaland var registrert 297 påkøyrslar, opplyser Voll, som sit igjen med eit viktig råd til alle uheldige bilistar:

– Den sterke oppfordringa er at ein må stoppe og ta seg av dyret! Det viktigaste er å melde ifrå til Viltnemnda eller politiet, slik at dei kan ta seg av dyret, meiner Voll.

Artikkeltags