I dag bør du passe deg for slapseføret

LÅGT SNØFØRE: Politiet ber bilistane vere observante. Slik såg det ut på E39 på Vassenden retning Skei klokka 07.21 i dag.

LÅGT SNØFØRE: Politiet ber bilistane vere observante. Slik såg det ut på E39 på Vassenden retning Skei klokka 07.21 i dag. Foto:

FYLKET: Melder om låg snøgrense og vanskeleg føre.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Politiet åtvara tysdag morgon bilistane mot låg snøgrense, blant anna på Vassenden.

Også Vegtrafikksentralen åtvarar mot dårleg føre.

– Det er slapseføre, som det er vanskeleg å køyre på. Det er verst i Fjaler, der det er snø heilt ned i fjæresteinane, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Han seier at det er verst på fylkesvegane, som ikkje er salta. Men også på E16 har det skjedd ei mindre ulykke:

– Vi har fått inn ei melding om at nokon har køyrt inn i eit skilt på avkøyrsla til Flåm på E16. Skiltet er bøygd, men det blei ikkje andre skader, så vidt eg veit, seier vakthavande.

Utover dagen ser vêret ut til å bli mildare og føret betre, ifølge Vegtrafikksentralen.

Les også: Bil køyrde i grøfta på fylkesveg 92

Artikkeltags