Sat fastklemd etter ulykke i Hornindal – sendt til lege

HENTA UT: Ein person sat fastklemd etter lastebilen køyrde utfor vegen og velta. Her er personen henta ut.

HENTA UT: Ein person sat fastklemd etter lastebilen køyrde utfor vegen og velta. Her er personen henta ut. Foto:

Lastebil i fare for å velte utfor stup. Ein person sat fastklend.

DEL

Ein person sat fastklemd etter ei trafikkulykke i Hornindal fredag føremiddag.

Klokka 09.50 kom meldinga om at ein lastebil hadde køyrt av vegen og at ein person sat fastklemd. Då brannvesenet kom til staden melde dei at bilen låg kvelva og står i fare for å velte utfor ei skråning.

Frå meldinga kom til klokka 10.45 sat passasjeren i bilen fastklemd, medan føraren kom seg ut tidleg.

– Passasjeren er skildra som lettare skadd, seier Terje Magnussen, operasjonsleiar hos politiet klokka 11.15.

Helse Førde AMK melde klokka 11 at personen no er frakta til lokalt legekontor.

Fare for å velte

Då brannvesenet kom til staden melde dei til politiet at lastebilen står i fare for å rase utfor eit stup.

– Det er det ein lastebil som ligg kvelva halvvegs i ei skråning ved eit stup. Det blir jobba med å sikre bilen. Det er bestilt tungbergar, så vi får sikra den på best mogleg måte. Det er snakk om ein sideveg og det er ganske trongt på staden. Vi jobbar med å gjere klart, så tungbergaren kjem rett ned, seier Magnussen like før klokka 10.30.

Klokka 10.30 var politi og brannvesen på plass på staden, og jobbar med å sikre bilen. Klokka 10.45 melde Helse Førde AMK at to ambulansar og luftambulanse var framme på staden.

UTFOR: Lastebilen står i fare for å rase utfor eit stup etter ulykka i Hornindal.

UTFOR: Lastebilen står i fare for å rase utfor eit stup etter ulykka i Hornindal. Foto:

Sklei bakover

Firda har snakka med ei kvinne som bur i huset rett ovanfor der ulykka skjedde.

– Eg høyrte at det braka, og så tenkte eg at no tømmer dei boset. Eg tenkte ikkje meir over det, men så kom svigerfar inn og fortalde at bilen hadde velta. Han såg ikkje noko han heller. Han såg at bilen sklei nedover, men så kom den ut av syne for han, fortel kvinna.

– Når vart de klar over at det hadde skjedd ei ulykke?

– Den eine sjåføren kom opp og gav beskjed til oss, så vi fekk ringt til brannvesen og ambulanse, seier ho.

Ifølge politiet var lastebilen på veg opp bakken då ulykka skjedde.

– Det som er sagt er at lastebilen har køyrt opp ein bakke, utan kjetting og at det var glatt. Lastebilen skal ha sklidd bakover og gått utfor kanten, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.

Ifølge operasjonsleiaren er det ein bossbil som har velta, og arbeidsgivaren er varsla.

Ulykka har skjedd i Lidavegen, på ein sideveg til E39 ved Grodås, i Hornindal.

Då Firda snakka med politiet like etter klokka 12.30 var politiet ferdige på staden for ei stund sidan, og det blir jobba med bilberging på plassen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags