Klipp hekken til skulestart

KLIPP HEKKEN: Trygg Trafikk oppmodar folk til å tenke tryggleik og klippe hekken før skulestart. Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere trafikkbilde svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande.

KLIPP HEKKEN: Trygg Trafikk oppmodar folk til å tenke tryggleik og klippe hekken før skulestart. Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere trafikkbilde svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande.

Små born blir usynlege bak stor hekkar og busker. Klipp hekken til skulestart, oppmodar Trygg Trafikk.

DEL

– Det må leggast til rette for at born kan sykle og gå til skulen på ein sikker måte, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

I ei pressemelding oppmodar Trygg Trafikk folk som bur ved trafikkerte vegar om å klippe hekkar og busker på eigedomane sine av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

Ifølge Trygg Trafikk er viltveksande buskevekstar er eit aukande problem i sommarmånadane. Trafikantar mistar ikkje berre sikt, men går også glipp av viktig informasjon dersom skilt langs vegane vert skjulte av hekkar og busker.

Å sørge for fri sikt er så viktig at det er ein del i Vegtrafikklova.

Når du står fire meter inn i avkøyrsla di skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang - og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla.

– Eg trur ikkje alle kjenner til denne lova. Det er i alle fall mange hekkar som hindrar sikta, seier Heggestad.

Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din, ifølge lova.

Artikkeltags