Trailer gjorde skadar i tunnel – køyrde vidare

DEL

Klokka 00.22 fekk politiet melding om at eit norskregistrert vogntog hadde tatt oppi taket i Grasdaltunnelen på riksveg 15 på Strynefjellet.

Operasjonsleiar Terje Magnussen opplyser at sjåføren ikkje hadde varsla hendinga, men berre køyrt vidare. Dei fekk stoppa han nærare Stryn.

– Hans forklaring er at han møtte to bussar som pressa han ut av vegen og opp i taket på tunnelen.

Vogntoget fekk skadar på hengaren, medan tunnelen fekk skadar på betong og metallstenger. Entreprenør har vore på staden og fiksa skadane.

Vegtrafikksentralen Vest melde på Twitter klokka 00.24 at tunnelen var stengt på grunn av oppryddingsarbeid. Klokka 01.49 melde dei at den var open igjen.

Ifølge Magnussen blir det oppretta sak.

Artikkeltags