Tok bilførar utan førarkort

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Etter tips frå publikum rykte politiet ut og stogga ein bilførar med lågpromille og ein anna utan førarkort.

DEL

Politiet i Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt fekk onsdag melding om at det gjekk føre seg uforsvarleg køyring på dagtid i Solund.

Meldaren var oppriktig bekymra for at dette skulle gå ut over nokon. Det var sendt ut ein patrulje, og to førarar vart kontrollerte.

– Den eine hadde lågpromille, og den andre køyrde utan førarkort. Så det viste seg at det var hald i meldingane vi fekk inn, seier politioverbetjent Roar Brudevoll.

Han meiner dette er eit godt døme på kor viktig det er at publikum tar kontakt med politiet, slik at dei kan reagere og følge opp sakene.

– Vi set stor pris på innspel frå publikum. Særleg slik som i dette tilfellet, når vi får gjort noko. Publikum må halde fram med å kontakte oss, sjølv om vi blir fjernare og fjernare. Då har vi ein sjanse til å gjere noko. Utan publikum er vi heilt i blinde, seier Brudevoll som er sikker på at slike meldingar kan gje positive resultat for lokalsamfunn.

Artikkeltags