Slik ser det ut på Vikafjellet tysdag morgon

SNØ: Natt til tysdag kom det snø på Vikafjellet. Det kan gjelde fleire andre fjellovergangar også, melder vegtrafiksentralen,.

SNØ: Natt til tysdag kom det snø på Vikafjellet. Det kan gjelde fleire andre fjellovergangar også, melder vegtrafiksentralen,. Foto:

–Det kan kome snø fleire andre stader også no, melder vegtrafikksentralen.

DEL

I løpet av natt til tysdag har det kome snø på riksveg 13 over Vikafjellet.

Vegtrafikksentralen har ikkje fått meldingar om at folk har køyrt seg fast eller slit med å kome seg fram.

– Men kjem du køyrande med sommardekk, kan det vere glatt å køyre der, seier trafikkoperatør Ken Ove Holm.

Han legg til at det kan ha kome snø over fleire fjellovergangar også, men at det er Vikafjellet dei per no har fått melding om.

– Dette kan gi litt utfordringar utover, seier Holm.

Artikkeltags