Vikafjellet stengt frå 17-20.15

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Skal du over Vikafjell fredag kveld? Då kan du måtte vente.

DEL

Politiet i Sogn og Fjordane melder på Twitter at ein trailer står fast ved porten av Storehaugtunnelen på riksveg 13 i Vik kommune. På grunn av dette vert vegen stengd.

Klokka 16 var det manuell dirigering på staden, men etter klokka 17 kjem tunnelen til å verte stengd fram til bilberginga er ferdig.

Klokka 20 melder Vegvesenet at vegen blir opna klokka 20.15, etter at dei tidlegare melde at vegen ville vere stengd til klokka 22 fredag.

Vegvesenet har eit vegkamera sør for Storehaugtunnelen.

Artikkeltags