Sjå video av den ekstreme forbikøyringa

    Artikkelen er over 1 år gammel

    – Eg kan ikkje førestille meg kor redd vedkommande i personbilen må ha blitt, seier vitne til forbikøyringa.

    DEL

    Førre veke vart ein sjåfør i Florø-selskapet T. Larsen Transport vitne til ein skremmande situasjon rett etter han hadde køyrt av ferja på Oppedal i Gulen. Føre seg hadde han ein tungtransportbil som tydeleg hadde det travelt. Vel ei mil etter ferjekaia skjedde den hasardiøse forbikøyringa, i vegkrysset i Instefjord der du kan svinge av E39 til Brekke.

    Føraren av bilen frå T. Larsen Transport hadde plassert eit kamera i frontruta på lastebilen sin og filma den farlege situasjonen.

    – Lastebilen framfor meg låg og pressa på ein personbil. Etter eit stykke kom dei til eit kryss der personbilen skulle svinge av til høgre. Lastebilen slakka ikkje ned for å vente på dette, men svinga direkte ut i motgåande køyrefelt i full fart og fortsette forbi, seier yrkessjåføren, som ønskjer å vere anonym.

    Handlar om tidspress

    Lastebilen køyrde ikkje berre ut i møtande felt, men han sneia også forbi ein personbil som stod og venta på å svinge til venstre i retning Brekke i krysset. I videoen ser du korleis det i ein liten augneblikk ser ut som at det kan verte ein frontkollisjon.

    Han meiner at det ikkje finnast nokon unnskyldning for å køyre på ein slik uvettug måte, men legg til at han trur mange tungtransportsjåførar har for hardt tidspress på seg. Han ønskjer at både dei som køyrer tungtransport og dei som køyrer vanleg personbil kunne teke litt meir omsyn til kvarandre i trafikken.

    – Eg kan ikkje førestille meg kor redd vedkommande som fekk lastebilen midt i mot seg må ha blitt.

    Verst om nettene

    Om nettene er det mange som køyrer som cowboyar på vegane, i følgje sjåføren i T. Larsen Transport. Han har ved fleire høve opplevd at personbilar køyrer forbi han i rundkøyringar. Då svingar dei ut i motgåande køyrefelt og tek venstresida om rundkøyringa i høg fart slik at dei kjem forbi lastebilen som ligg på høgresida.

    – Hadde du køyrt rundt med dashbordkamera i Sogn og Fjordane ei enkelt natt, hadde du blitt vitne til mange farlege situasjonar, seier han.

    Opprettar personalsak

    Det er Posten Norge som eig vogntoget. Ifølgje VG uttaler pressesjef John Eckhoff at dei har spora opp sjåføren og at det no vert behandla som ei personalsak.

    Artikkeltags