Opptil tre timar ventetid i Vadheimstunnelen. Slik blir det i eit år

SKAL OPPGRADERAST: Vadheimstunnelen i Høyanger kommune.

SKAL OPPGRADERAST: Vadheimstunnelen i Høyanger kommune. Foto:

På måndag startar oppgraderinga av fv.55 i Vadheimstunnelen. Det blir ventetid store delar av døgnet i eit år framover.

DEL

Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeidet vil gå føre seg mellom klokka 18.00 på kvelden og 06.00 om morgonen.

  • Frå klokka 18.00 til 22.00 på kvelden blir det opptil 45 minutt ventetid.
  • Frå klokka 22.00 til 06.00 neste morgon blir det opptil tre timar venting.

Slik skal det halde på alle vekedagar med eitt unntak: Det blir fri ferdsle laurdagskveld og natt til søndag. Nokre veker blir det også fri ferdsle natt til måndag, skriv Statens vegvesen.

Grunnen er at ca. 70 tunnelar i fylket skal rustast opp som del av eit stort, nasjonalt tunnelprosjekt.

Vadheimstunnelen er ein av desse, og skal etter planen stå ferdig i mars neste år.

Artikkeltags