Fleire bilar har hamna i grøfta

Denne bilen hamna i grøfta ved Fv422 ved Åse i Gaular kommune.

Denne bilen hamna i grøfta ved Fv422 ved Åse i Gaular kommune. Foto:

Av og
Artikkelen er over 4 år gammel

Fleire bilførarar har i morgontimane hamna i grøfta kringom i fylket.

DEL

– Det er ekstremt glatte vegar. Bilar står i grøfta og nokre må snu og køyre ned igjen fordi det er for glatt å kome seg opp nokre stigningar, seier ein Firda-tipsar som i morgontimane i dag var på veg til jobb i Førde.

Sjekk kartet som viser trafikksituasjonen i fylket i botnen av saka!

Ved Statens vegvesens vegmeldingssentral i Lærdal har dei fått inn mange meldingar om det glatte føret.

– Slik er det ofte når det slår om til mildvêr etter eit kraftig snøfall, seier trafikkopreratør Roger Nedberge Hille.

Spesielt ille kan det vere der det har danna seg ein hard såle av nedkøyrt snø.

– Alle disponible mannskap er ute og brøytar, saltar og strør, men bilførarane må syte for at køyretyet er skodd for vinterføre, og så er det avgjerande at dei tilpassar farten til forholda. Elles kan dei lett hamne i grøfta, slår Hille fast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken