Over 900 vegar på Vestlandet får nye nummer

FÅR IKKJE ENDRING: Fylkesveg 55, som mellom anna kryssar Sognefjellet, får behalde sitt noverande nummer. Dette er Hovdetunnelen på fylkesveg 55 mellom Nordeide og Høyanger.

FÅR IKKJE ENDRING: Fylkesveg 55, som mellom anna kryssar Sognefjellet, får behalde sitt noverande nummer. Dette er Hovdetunnelen på fylkesveg 55 mellom Nordeide og Høyanger. Foto:

Med dei nye fylkesgrensene kunne ein fått to vegar med same nummer innanfor eitt fylke. Derfor endrar Statens vegvesen nummera.

DEL

I løpet av sommaren og hausten får 3500 fylkes- og riksvegar rundt om i landet nye vegnummer, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Over 900 av desse vegane går gjennom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Eit resultat av regionreforma

Endringa skal sikre at alle vegar framleis kan identifiserast når fylkesgrensene blir flytta frå nyttår.

– Alle punkt på det offentlege vegnettet i Noreg skal kunna identifiserast ved hjelp av ein vegreferanse, forklarar Torgeir Bøyum, som arbeider ved regionvegskontoret i Leikanger. Han har også ansvaret for det digitale vegnettet i Nasjonal vegdatabank (NVDB).

Systemet er basert på at vegar har ein kategori, som til dømes Europaveg eller fylkesveg, og eit nummer. Deretter kan dei delast opp ved hjelp av parsellar og metreringsnummer.

– Slik systemet fungerer i dag, må ein i tillegg vite kva fylke ein fylkesveg ligg i for å identifisere den. Fylkesnummeret er ein del av vegreferansen. Derfor kan same vegnummer finnast i fleire fylke, og vegen kan skifte nummer når den kryssar fylkesgrensa, forklarar han vidare.

Arbeidet er i gang

Oppdateringa av det nye systemet var hovudsakleg ferdig 1. august, og dei nye nummera vert no fortløpande tekne i bruk.

Endringane i vegnummer kan føre til at visse kart ikkje viser rett nummer på vegane i ei tid framover. Bøyum oppmodar folk til å bruke Statens vegvesen si kartløysing på nett.

– Ikkje alle skilta etter vegane er endra enda, men dette arbeidet er i gang, fortel Bøyum. Han forsikrar om at skilting og vegnummer skal stemme overeins.

Her kan du sjå lista over vegane i Sogn og Fjordane som får nye vegnummer.

Artikkeltags