Sov for lite, rota for mykje og gløymte lappen.

Slikt blir det trøbbel av når Statens vegvesen stoppar deg.

DEL

Fleire sjåførar gjekk på ein liten smell då dei blei vinka inn til Statens vegvesen sin trafikkontroll måndag ved Kjøs.

Ein førar vart politimeld for brot på køyre- og kviletida, medan ein annan sjåfør ikkje hadde med seg førarkortet sitt. Det må han betale gebyr for.

Tre andre sjåførar fekk beskjed om å rydde vekk ting frå frontruta før dei fekk køyre vidare.

Totalt var det 70 køyretøy inne på kontrollplassen, der 16 blei kontrollert nærmare.

Artikkeltags