No har det blitt kaldt og glatt: – Vi får litt telefonar frå her og der

Vegtrafikksentralen oppmodar folk om å ta det roleg.

DEL

Vegtrafikksentralen melder tysdag morgon om glatte vegar i fylket.

– Det er årets første dag med litt lågare temperaturar ned mot frysepunktet, så folk kan gjerne vere litt observante, seier Kristian Fauskan i vegtrafikksentralen til Firda tysdag morgon.

Dei får litt telefonar frå her og der i fylket, fortel han.

– Vi har hatt entreprenørane våre ute på vegane, men dei når ikkje ut over alt, så det blir litt telefonar frå folk som melder om glatte vegar, seier han til Firda.

Utanom litt glatte vegar, står alt bra til på vegane i fylket, melder Vegtrafikksentralen.,

Artikkeltags