Hjort påkøyrt i Gaular

PÅKØYRT: Hjorten vart påkøyrt midt mellom Sande og Førde.

PÅKØYRT: Hjorten vart påkøyrt midt mellom Sande og Førde. Foto:

DEL

Kring klokka 02.00 natt til fredag, fekk politiet melding om ei hjortepåkøyrsel på E39 mellom Lunde og Myrmel i Gaular.

Ein lastebil hadde køyrt på hjorten, som døydde momentant.

– Det er ikkje meldt om noko skade på person eller køyretøy. Sjåføren fekk beskjed om å flytte hjorten ut i grøfta, og viltnemnda skal hente den i løpet av morgonen, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Klokka 05.45 låg den framleis i vegkanten.

Artikkeltags