Ukrainsk lastebil stoppa trafikken over Utvikfjellet

WEBKAMERA: Statens vegvesen sitt webkamera på Utvikfjellet tok dette bildet like før klokka 17 i ettermiddag.

WEBKAMERA: Statens vegvesen sitt webkamera på Utvikfjellet tok dette bildet like før klokka 17 i ettermiddag.

DEL

Politiet melde måndag kveld at minst to lastebilar stod fast på fylkesveg 60 over Utvikfjellet.

– Det er ikkje heilt slik det var, seier brøytebilsjåfør Kjetil Bjørkelo.

Han fortel om ein ukrainsk lastebil med ein litauisk sjåfør, som ikkje klarte å komme seg opp på fjellet.

– Han klarte å køyre seg fast slik at han stogga all trafikk i ein periode. Det hadde nok ikkje så mykje med føret å gjere som det hadde med bil og førar å gjere, seier Bjørkelo, og legg til at alle dei andre lastebilane kom seg over fjellet utan problem.

– Det kom etter kvart ein bergingsbil og fekk slept den ukrainske bilen opp på toppen. Så no står han der. Om han ventar på våren eller kva han kjem til å gjere vidare, det veit ikkje eg, seier Bjørkelo.

Artikkeltags