E39 opna att etter front mot frontkollisjon

To bilar har kollidert på E39 på Byrkjelo fredag morgon.

To bilar har kollidert på E39 på Byrkjelo fredag morgon. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: To personbilar har kollidert på E39 på Byrkjelo.

DEL

Alle naudetatane rykte ut til ulykka på E39. Det melder politiet like etter klokka 09 fredag. Ifølge politiet er det snakk om lettare personskade.

– Bilane vil bli fjerna ganske snart, då blir vegen opna igjen, seier operasjonsleiar Hans-Erik Thue i Vest politidistrikt klokka 09.15.

Thue går ut frå at bilane har kollidert på grunn av glatt føre.

Politiet melder om mykje snø, vind og glatt vegbane på staden. Det er uklart når brøytebilen kjem.

– Brøytebilen skal komme, men det snør fort igjen etter den, seier Thue.

Då Firda sin utsende var på staden klokka 10.15 var bilane taua vekk og vegen opna att.

Helse Førde AMK melder at dei to involverte blei tatt med til lokal legevakt.

Slik såg det ut på ulykkesstaden klokka 10.15.

Slik såg det ut på ulykkesstaden klokka 10.15. Foto:

Ulykka skjedde midt i Byrkjelo sentrum.

Ulykka skjedde midt i Byrkjelo sentrum. Foto:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags