Gå til sidens hovedinnhold

404 - File Not Found

[]

Trafigura-/Nyrstar-toppane må komme til Høyanger

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

36 arbeidarar ved industribedrifta Nyrstar i Høyanger misser jobb og levebrød. Inkludert ringverknadar, er det sikkert nærmare 50 arbeidarar som er ramma. Det er mange familiemedlemar som no får dårlegare levekår og ein usikker økonomisk situasjon. Dette er noko av det verste. Men det vil også påverke heile lokalsamfunnet; svekke butikkane si omsetning og kommunen sine skatteinntekter (og dermed kommunale tenester og velferdstilbod).

Høyanger kommune har stilt deler av krafta si til rådvelde for Nyrstar. Bedrifta har postadresse Leira Næringspark AS. Dette aksjeselskapet syter for kommunen sitt behov for utleige og drift av utleigebygg til næringslivet. Alt dette har gjeve Nyrstar ei sterkare konkurransekraft enn selskap utan slike fordelar. Men utakk er kommunen si løn!

Nyrstar er eigd og kontrollert av det internasjonale storselskapet Trafigura. Trafigura er også selskapet som leverte det farlege avfallet til Vest Tank sitt anlegg i Gulen. 24. mai 2007 eksploderte ein tank ved anlegget, og svovellukta som la seg over nærområda, og gjorde mange sjuke. Eigarane av Vest Tank-anlegget blei dømt til fengsel, medan saka mot Trafigura blei lagt bort av Økokrim.

Nyrstar-arbeidarane og lokalsamfunnet står her overfor bortimot dei verst tenkjelege utslaga av internasjonal storkapital si makt. Det er ei makt som ikkje lenger vil la seg regulere – i den grad internasjonal storkapital nokon gong har lete seg gjere å regulere.

Høyanger-ordførar Petter Sortland, har i media teke ei kamphaldning overfor Nyrstar og Trafigura. Det er bra – vi har trua på ei slik haldning framfor ei dumsnill bøn.

Men arbeidarklassen må også sjå seg om etter ei anna samfunnsorganisering enn den kapitalistiske. Er det framtidsretta, som i dette tilfellet, at det sit ei lita gruppe, truleg menn, og bestemmer seg for å setje kniven i eit lokalsamfunn? Denne gruppa møttest visstnok søndag 19. juli og tok denne fatale avgjerda.

Mykje kan seiast om miljøforhold rundt Eras og seinare Nyrstar. Men «konseptet», resirkulering/utnytting av avfall som elles ville blitt deponert, er rett og nødvendig miljøpolitikk. Ei heilt anna avfallshandtering – ein såkalla sirkulær økonomi – er altfor viktig til å bli drifta av private filialar av utanlandsk storkapital som Trafigura.

Landet vårt treng ein annan politikk enn den som diverse Solberg-regjeringar har forsterka på sin måte. Vi treng eit snev av sosialisme. Statleg industri-reising og folkevald styring av bedriften, m.a. å bli dominerande i ein sirkulær økonomi, ville vore eit godt bidrag i «det grøne skiftet». Langt grønare enn om staten framleis let vindkraftselskap bombardere fjellområda våre med turbinar, støy og iskast.

I første omgang må Nyrstar/Trafigura ta på seg Korona-masker, kome til Høyanger og stå til rette for fagforeiningar, kommune og lokalsamfunn.

Les også

– Endå eit slag i trynet for bygda

Les også

Terje, Trude og Jostein mistar jobben: – Kom som lyn frå klar himmel

Les også

Ordføraren: – Viss dei trur dei kan komme seg herifrå berre ved å sende ei pressemelding, då tek dei feil

Kommentarer til denne saken