Krig i verdas kornkammer. Ei global matvarekrise. Energikrise. For ei tid å jobbe med kvernstein på. For ny museumsleiar ved Kvernsteinsparken i Hyllestad, Torunn Beck, er det viktigare enn nokon gong å få fram kunnskap om tidlegare tiders teknologi.
– Eg trur vi blir veldig sårbare når vi ikkje veit korleis ein skal lage grunnleggande ting, som å male korn til det daglege brød, lage klede og andre ting ein treng for å overleve. Slik sett er kvernsteinar og møller veldig relevant. Det er der vi får mykje av maten vår frå, det er livsviktig, seier Torunn Beck i ei pressemelding frå Musea i Sogn og Fjordane.
Museumsleiarstillinga har stått tom i halvanna år, grunna utfordringar med rekruttering. Så ein del tid vil må med på å få ting i gjenge att.
– Det første eg skal ta tak i no er skjøtselsplanen, for å hindre at landskapet gror att. Eg har tenkt å ta kontakt med lokale bønder for å sjå på mogelegheit for beitedyr. Det er også viktig å sikre at skuleopplegga kjem i gong til hausten. Så må det lagast ein formidlingsplan, blant mykje anna, seier ho.

Lise gjorde hobbyen sin om til fulltidsjobb: – Det er ein lang prosess å starte for seg sjølv
Som bakgrunn har Torunn Beck ulike kulturfag, pedagogikk og ein master i museologi. Ho har erfaring som museumsgartnar ved Norsk skogfinsk museum og som vert ved Moss by- og industrimuseum.
Viktig for utviklinga i Kvernsteinsparken og jobben til Beck framover, er samarbeidet med Stiftinga norsk kvernsteinssenter.
– Musea i Sogn og Fjordane og Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter har ein fersk, gjennomarbeidd samarbeidsavtale som gjer at vi no set fart på utviklinga av Kvernsteinsparken. Først skal vi vere meir til stades i parken ved at vi byggjer mellombels kontorløysing. Parken skal utviklast vidare, men det let seg ikkje gjere å vere konkret heilt enno, Jan Heggheim, som er administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane.

Natt til onsdag kan ein vente lyn og opp til 15 mm nedbør i timen
