Tørrkoking enda nesten i brann i Sogn. Mann i 60-åra i huset.

DEL

Klokka 00.46 natt til torsdag fekk politiet melding om røykutvikling frå ei leilegheit i Gaupne i Sogn.

Det skal ha vore ein mann i 60-åra i leilegheita, og røyken skal ha utvikla seg etter tørrkoking. Mannen pusta inn noko røyk, melder politiet.

Leilegheita vart lufta ut. Mannen vart ikkje teken til legevakt, men fekk tilsyn av ambulansepersonell.

Det blir oppretta sak på forholdet, melder politiet.

Artikkeltags