Gå til sidens hovedinnhold

Tore (28) valt til toppkandidat: – Eg er veldig takknemleg

Tore Storehaug er valt til toppkandidat for KrF i Sogn og Fjordane ved stortingsvalet neste år.

Laurdag 21. november arrangerte KrF Sogn og Fjordane digitalt nominasjonsmøte, med delegatar frå heile valdistriktet Sogn og Fjordane.

Nominasjonsmøte i Sogn og Fjordane gjekk samrøystes inn for nominasjonsnemnda sitt forslag, noko som førte til at 28-år gamle Tore Storehaug frå Askvoll gjekk heilt til topps. På andre og tredje plass finn vi Trude Brosvik frå Gulen og William Dalsbø frå Stad. Det kjem fram i ei pressemelding.

Storehaug er no inne i sin første stortingsperiode, og om partiet sikrar seg nye år på Stortinget er det han som er først i køen.

– Dette var veldig kjekt, og eg er veldig takknemleg. Eg føler meg veldig privilegert og ønsker veldig å fortsetje i denne jobben dersom eg får tilliten til det, seier han til Firda.

– Veldig givande og krevjande

Han seier at perioden han så langt har hatt på stortinget har vore veldig givande, krevjande og spennande.

– Det har vore ein periode som har vore prega av mange store saker. Ikkje minst no under pandemien. Eg har verkeleg fått prøve det å stå i dei vala eg tar, finne gode løysingar og teke ansvar. Eg føler eg har vakse mykje, og det har vore veldig meiningsfullt.

Nokre dagar har vore veldig tøffe, men han er alltid motivert og gler seg kvar dag til jobb, seier han. No er han klar for vidare innsats, og han gler seg til valkamp.

– No gjeld det berre å blankpusse profilen vår og få fram kor mykje vi har fått gjort denne perioden, seier han og held fram:

– Eg er veldig glad for at eg har fått med meg Trude på andreplass. Ho kjenner fylket vårt godt og er ei god ombodskvinne. Også William, som er yngre enn meg igjen. Det syner berre at sjølv om vi er unge så er vi erfarne, og det er stort at folk viser oss tillit.

Slik ser resten av nominasjonslista til KrF i Sogn og Fjordane ut:

  • Trude Brosvik 2.-plass
  • William Dalsbø 3.-plass
  • Beate Bondevik Lie 4.-plass
  • Kari Synnøve Muri 5.-plass
  • Jarle Arvid Aase 6.-plass
  • Per Ståle Husevåg 7.-plass
  • Marta Rydland Kjelby 8.-plass
  • Frode Bøthun 9.-plass
  • Gustav Johan Nydal 10.-plass

Les også

Tore (28) nominert øvst på KrF-lista

Les også

Berre middels nøgd med utjamning av nettleige

Les også

Alle vil ha Tore (28) på topp: – Hyggeleg å bli peika på av sine eigne

Kommentarer til denne saken