Gå til sidens hovedinnhold

Tore (28) nominert øvst på KrF-lista

Tore Storehaug og Trude Brosvik toppar nominasjonsnemnda sitt framlegg til stortingsliste for KrF i Sogn og Fjordane.

Nominasjonskomiteen presenterer i dag endeleg framlegg til KrF si stortingsliste for Sogn og Fjordane valkrins, skriv KrF i ei pressemelding.

Innstillinga byggjer mellom anna på innspel frå enkeltmedlemmer og to runder i lokallaga.

– I siste del av nominasjonsprosessen har komiteen vore i kontakt med alle kandidatane på lista, og er glad for at innstillinga i stor grad samsvarar med kandidatane sine eigne ønskje om plassering. Innstillinga er samrøystes, seier Frode Kleppe Holgersen, leier av nominasjonskomiteen.

Gjennomsnittsalderen på lista er 43 år.

Andre periode

Tore Storehaug avklara tidleg at han stilte seg til disposisjon for attval. Storehaug har dei siste åra vore ein synleg stortingsrepresentant, som har kjempa Sogn og Fjordane si sak frå Stortinget. Han har løfta fram saker som breibandutbygging, utjamning av nettleige, og ein landbruks- og familiepolitikk tilpassa Sogn og Fjordane, heiter det i pressemeldinga.

Stortingsgruppa har vist han tillit som finanspolitisk talsperson, der han den siste tida har hatt sentrale roller i mellom anna forhandling av statsbudsjett, Tangen-saka og tiltakspakkar grunna koronaepidemien.

Med Trude Brosvik på andreplass har komiteen fått ein av dei mest rutinerte politikarane frå Sogn og Fjordane med vidare. Ho har erfaring som mellom anna ordførar, medlem av fylkesting, fylkesutval i Vestland fylke og fylkesutval i gamle Sogn og Fjordane.

Brosvik på andreplass

– Når ho i dag sit i hovudutvalet i Vestland fylke kjenner ho situasjonen i dag og utfordringane vi har framfor oss. Trude er ei tydeleg stemme, ingen er i tvil om kvar dei har Trude, og alle veit at Trude kjempar for Sogn og Fjordane, skriv nominasjonsnemnda.

Nominasjonsnemnda er og glad for å kunne løfte fram nye, unge namn på lista. William Dalsbø på tredjeplass er ein ung og spannande kandidat, som dei siste åra har vore ei klar og tydeleg stemme i partiet.

– No gler vi oss til å la heile fylket få bli kjent med han. Med William på tredjeplass er to av dei tre listetoppane i 20-åra, medan tre av dei ti på lista er i same aldersgruppe, heiter det i pressemeldinga.


Kommentarer til denne saken