Tord (30) sakna Førde og søkte seg tilbake – han og Astrid (27) landa nye jobbar

DEI NYE UTVIKLARANE: Astrid Høgset (26) og Tord Joranger (30) skal utvikle programvara til Norse Feedback som tilbyr digitale løysingar i helsesektoren.

DEI NYE UTVIKLARANE: Astrid Høgset (26) og Tord Joranger (30) skal utvikle programvara til Norse Feedback som tilbyr digitale løysingar i helsesektoren. Foto:

Astrid Høgset og Tord Joranger er dei nytilsette som utviklarar i Norse Feedback i Førde. Der skal dei lage gode digitale løysingar for fastlegar.

DEL

– Eg håpar å sjå at det er bruk for det eg bidreg med. Eg ser fram til å ikkje vere ny, men sitje med litt tyngde i jobben, fortel Tord Joranger (30).

Han og Astrid Høgset (26) var dei to som fekk jobb som utviklarar i teknologiselskapet Norse Feedback i Førde. Joranger kjem frå Sola i Rogaland, og har nett flytta til Førde for den nye jobben. Han har bakgrunn som dataingeniør, og dei siste åra har han jobba i konsulentselskapet Bouvet i Stavanger. 30-åringen har også budd i Førde tidlegare:

– Då jobba eg i Lotteritilsynet og vart kjent med Rolf som er IT-sjef her i Norse Feedback. Eg merka at eg sakna Førde, difor søkte eg denne jobben. Det skal bli kjekt å jobbe i eit mindre team der ein i stor grad har påverknadskraft, seier Joranger.

SKAL UTVIKLE PROGRAMVARE: Tord Joranger (30) er ein av dei to nytilsette ved Norse Feedback i Førde. Han skal bidra i utvikling av programvara den nye programvara deira.

SKAL UTVIKLE PROGRAMVARE: Tord Joranger (30) er ein av dei to nytilsette ved Norse Feedback i Førde. Han skal bidra i utvikling av programvara den nye programvara deira. Foto:

Høgset og Joranger har vore tilsette i selskapet i litt over ei veke, men den første veka vart litt annleis grunna koronatiltaka.

– Vi har vore delt, så til no har vi berre jobba i lag med Joachim og Rolf, men i dag fekk vi treffe alle dei andre også, og vi har vorte veldig godt tekne imot, fortel Høgseth.

På onsdag denne veka var dei på plass i det som blir deira nye kontor hjå Peak Sunnfjord.

FØRSTE DAG: Dei to nytilsette utviklarane Tord Joranger (30) og Astrid Høgset (26) vart ønskt velkomne med kake første dag på kontoret.

FØRSTE DAG: Dei to nytilsette utviklarane Tord Joranger (30) og Astrid Høgset (26) vart ønskt velkomne med kake første dag på kontoret. Foto:

Løysingar som treff i koronatida

Norse Feedback vart starta i 2018 av Helse Førde, Christian Moltu og den amerikanske psykologen Samuel Nordberg. Selskapet utviklar verktøy til helsevesenet der pasientar kan gi elektronisk tilbakemelding til behandlaren sin. Det selskapet no jobbar med er å utvikle eit digitalt verktøy som fastlegar skal bruke.

Fleire bedrifter gjekk inn i koronatiltaka med skepsis, men for Norse Feedback vart utfallet annleis.

– Alt var veldig usikkert, difor var det kjekt då helsetenesta såg behovet for digitale løysingar allereie to veker inn i dei omfattande koronatiltaka. I den situasjonen pasientar og behandlarar sto i under koronakrisa, så innsåg mange at ein treng betre digitale verktøy, og der treff Norse Feedback godt, fortel dagleg leiar Joachim Vie.

HAR NOK Å GJERE: Dagleg leiar i Norse Feedback, Joachim Vie, fortel om eit omfattande prosjekt som har skote fart den siste tida. Med dei to nye utviklarane skal dei betre produkta sine.

HAR NOK Å GJERE: Dagleg leiar i Norse Feedback, Joachim Vie, fortel om eit omfattande prosjekt som har skote fart den siste tida. Med dei to nye utviklarane skal dei betre produkta sine. Foto:

Rett før koronatiltaka vart sett i verk, hadde selskapet lyst ut seks nye stillingar. Dei har allereie tilsett to personar som skal jobbe med sal av programvara deira, og fekk også tilsett Høgset og Joranger som utviklarar.

– Det er to personar til som skal inn i teamet vårt, men dette vart sett på vent i koronatida.

Frå stort Oslo-selskap til lite Førde-team

Astrid Høgset (26) frå Vestnes i Møre og Romsdal har nyleg flytta til Eikefjord, der sambuaren er ifrå. Den siste tida har ho jobba i eit konsulentselskap i Oslo med heile 1.200 tilsette. Å starte i eit lite team blir litt av ein overgang, fortel ho:

– I Oslo var eg IT-utviklar i lag med rundt 60 på same prosjekt. I Norse Feedback kjem eg til å vere inne i fleire av prosessane. Eg trur det vil gi meg ein eigarskap til produktet, og det er spennande, seier Høgset.

Ho er utdanna innan matte og fysikk. No gler ho seg til å utvikle det ho ser som viktige løysingar for fastlegane.

– Vi kjem til å jobbe med veldig relevant teknologi. Det er nyttig og overførbar kunnskap. Prosessen er spennande og resultatet er så positivt for helsesektoren.

NYTT OG SPENNANDE: Astrid Høgset (26) skal fungere som utviklar for Norse Feedback i Førde. Ho går frå eit konsulentfirma med 12.000 tilsette til eit tett team på 10 personar.

NYTT OG SPENNANDE: Astrid Høgset (26) skal fungere som utviklar for Norse Feedback i Førde. Ho går frå eit konsulentfirma med 12.000 tilsette til eit tett team på 10 personar. Foto:


Artikkeltags