Gå til sidens hovedinnhold

Torbjørn (31) vald som Arbeidarpartiets stortingskandidat

Sogn og Fjordane Ap hadde søndag nominasjonsmøte.

Møtet vart halde digitalt og 101 delegatar deltok.

Valnemnda sitt listeframlegg vart samrøystes vedteke og der trona Torbjørn Vereide frå Sunnfjord Ap på topp. På plassen bak finn vi Marie-Helene Hollevik Brandsdal frå Årdal.

– Vi er glad for at vi har fått ei liste som har fått så sterk støtte i heile valdistriktet. Eg veit at alle kandidatane på lista vil gjere ein utmerka jobb med å representere partiet og verdiane våre, seier Hilmar Høl, nestleiar i Vestland Arbeidarparti i ei pressemelding.

Også partisekretær Kjersti Stenseng var fornøgd med lista.

– Gratulerer med ei liste med veldig mange dyktige kandidatar frå heile valkrinsen og med mykje erfaring. Med Torbjørn Vereide på topp får vi ein tydeleg sosialdemokrat, ung og erfaren! seier ho.

Sjå heile lista her:

1. Torbjørn Vereide, 31 år, Sunnfjord.

2. Marie-Helene Hollevik Brandsdal, 44 år, Årdal.

3. Egil Natvik Vestrheim, 19 år, AUF/Lærdal.

4. Siri Sandvik, 52 år, Stad.

5. Petter Sortland, 59 år, Høyanger.

6. Rita Ørnehaug, 53 år, Hyllestad.

7. Leif Jarle Espedal, 48 år, Fjaler.

8. Doris Christensen, 50 år, Kinn.

9. Jarle Christensen, 42 år, Vik.

10. Paulina Sitarz, 18 år, AUF/Stryn.

Les også

Anfinn er Frp i Sogn og Fjordane sin toppkandidat før stortingsvalet

Les også

Erling er Senterpartiets nye stortingskandidat

Kommentarer til denne saken