Gå til sidens hovedinnhold

Toppane kjenner ikkje eigen kommune

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Har nett lese Hyllestad kommune si fråsegn til vindkraft i område 19, dagsett 06.09.2019.

Eg er rysta og skuffa over administrasjonen si kunnskapsløyse om kommunen. Det einaste dei har med er Kvernsteinsparken. Hyllestad er meir enn det dei ser frå kommunehuset. Kva med dei freda naturreservata?

1: Sakrisøyna naturreservat oppretta 20.12.1991. Storleik 1908 daa. 2: Ønaholmane naturreservat oppretta 20.12.1991. Storleik 284 daa. 3: Aksevatnet dyrefredningsområde oppretta 20.12.1991. Storleik 1158 daa. 4: Skor naturreservat oppretta 20.12.1991 .Storleik 596 daa. 5: Freda og resturert vassbruksmiljø i Skor. 6: kvernhus og eit sagbruk. Den freda Trondhjemske Postveg.

Alle freda område har raudlista hekkande fuglar. 2018 og 2019 fekk hekkande traner i Skor ungar. Område er overvintring for ca 50 sangsvaner. Midt oppi dette er planlagd vindmøllepark. Raudlista plantar og fuglar er det einaste som kan stoppa ei utbygging. Då må det vere med i høyringsnotatet .Vakn opp og få det inn i høyringa.


Kommentarer til denne saken