Tone (32) held dottera heime frå barnehagen

Se dette innlegget på Instagram

Hjertet mitt❤️

Et innlegg delt av ???? ????? (@iamtonedamli)

No om dagen er familien på tre for det meste inne.

DEL

– Eit bevisst val, seier ho til Dagbladet.

Denne veka opna barnehagane igjen etter at dei vart stengt ned 20. april. Men sjølv om myndigheitene seier at det er lite sannsynleg at barn kan få korona, har fleire foreldre likevel valt å halde barna heime.

Tone Damli Aaberge og sambuar Markus Foss er av dei.

I helga la sogndalsartisten ut dette innlegget på Facebook:

«KaranTone – og sånn går no dagane. Stort sett i treningstights, uten sminke og høg solfaktor. Vi er ute på øya, som i mine auger er verdens beste plass å vere. Her er det ingen bilar, null stress og fritt for korona. Vi har valgt å ikkje sende Billie i barnehagen enda, og det er rett og slett fordi vi har mulighet til og vente. Stay safe!»

– Tek korona på stort alvor

Til Dagbladet seier ho at ingen i familien er smitta, men at dei likvel har valt å isolere seg frå omverda.

– Vi har tatt alt rundt korona på stort alvor. Det handlar ikkje om meg, det handlar om dei som ikkje toler koronaviruset. Så sjølv om sjansen for at Billie, og deretter vi, skulle få smitte er liten, har vi valt å utsette barnehagestarten, seier 32-åringen.

Forutan å handle mat og gjere eit par småting, held familien seg inne.

Barnelege Per Helge Måseide at barn kan bli sjuke, men at vanleg influensa kan vere verre.

– Det er viktig å ikkje gløyme at sjansen for at barn blir alvorleg sjuke av dei vanlege virusa som kjem i løpet av vinteren, er mykje større enn at dei blir alvorleg sjuke av covid-19. Vi har for eksempel sett at barn er blir alvorleg sjuke av influensa i løpet av vinteren.

Artikkeltags