Tometersregelen gjeld ikkje i klasseromma

Av

Det vil ikkje vere noko krav om to meters avstand mellom elevane i skulen, ifølgje kunnskapsminister Guri Melby (V).

DEL

– Tometersregelen gjeld ikkje for skular, stadfestar Melby overfor NTB.

Ifølgje henne er det to grunnar til dette.

Den eine grunnen er at situasjonen er annleis når det er faste grupper som møtest, enn når folk møtest meir tilfeldig. Den andre grunnen er at barn truleg blir mindre sjuke enn vaksne og ber smitte i mindre grad enn vaksne.

Skulane opnar igjen for 1.–4. trinn måndag neste veke.

– Vi må heilt sikkert gjere tilpassingar undervegs

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken