Onsdag 18.01.23. inviterte Førde Seniorsenter til sosial samling på kantina i Røde kors-bygget. Møtet skulle begynne kl. 1100, og då var det lang kø framfor inngangsdøra.

Først vil eg gjerne gje Førde Pensjonistlag honnør for tiltaket med å samle pensjonistane i eit felles seniorsenter, men når det er sagt var der alt for lite plass for så mange.

I ettertid fekk vi vite at lokalet, etter brannforskriftene, var berekna til 65 personar, men at det denne dagen var møtt fram over 70, men alle kom inn. Senteret som har ope ein gong kvar tredje veke, hadde eit bra program, avdelingsleiar Jorun Systad orienterte om «Nytt bibliotek og nye tenester» og der vart servert kaffi og nydelege vaflar.

Men eg trur at mange hadde same problem som meg, eg høyrde ikkje kva som vart sagt og at det ikkje var mogeleg å følge med i det som stod på tavla.

Lokalet er alt for lite for så mange og forma ut slik at halvparten ikkje såg verken forelesaren eller det stod på tavla.

Eg måtte gå bakover i tid og tenke på alle diskusjonane og vi har hatt om behovet for eit eldresenter i kommunen.

Vi syntest vi hadde gode argument både når vi samanlikna oss med andre kommunar og når vi viste til den kommande eldrebølga.

Men ingen ting har skjedd og no er eldrebølga over oss. Vi har i desse åra fremma fleire forslag, utan at det har nytta.

Alternativ 1 var den gamle «Legetomta i Angedalveien». Der hadde vore plass til både eldresenter med uteplass i første etasje og utleigeleilegheiter til folk med spesielle behov oppover i etasjane.

Neste prosjekt var «Gamle banken» som skulle vere gamal nok for dei eldre, men som manglar vesentlege innvendige installasjonar for å kunne nyttast.

Så i dag er vi like langt frå eit eldresenter som vi var for 10 år sidan. Bør ikkje Sunnfjord kommune no komme på bana og stille til rådigheit lokale som ikkje berre er store nok, men der det også er plass for dei eldre til å halde ved like sine ferdigheiter og interesser?

På den måten kunne vi alle få ein meiningsfylt pensjonsalder.

Les også

Helse og omsorg i Sunnfjord kommune