Gå til sidens hovedinnhold

Tok sjåfør i 126 km/t i Våtedalen

Artikkelen er over 1 år gammel

Austlending blei fotgjengar.

Utrykningspolitiet har hatt fartskontroll ved Egge i 80-sona E39 gjennom Våtedalen denne søndagskvelden.

Dei gav åtte forenkla førelegg og kversette eit førarkort tilhøyrande ein sjåfør som blei målt til 126 km/t.

Sjåføren som mista lappen var ein mann frå austlandet i 40-åra, seier Øyvind Magnus Solheim i UP i Nordfjord.

– Hadde han ei god forklaring?

– Nei, han hadde eigentleg ikkje nokon veldig god forklaring.

UP stod ved Egge og målte fart i om lag to timar. Dei åtte førelegga dei gav ut er omtrent som venta, fortel Solheim.

Kommentarer til denne saken