Gå til sidens hovedinnhold

Tok seks fartssyndarar ved Askvoll skule

Den høgste farten som vart målt var 63 km/t i 50-sona.

Lokalt politi hadde torsdag morgon ein fartskontroll i 50-sona på Askvollvegen forbi Askvoll skule.

Her vart seks førarar tekne for fart, og alle desse måtte reise frå kontrollen med litt slankare bankkonto.

Den høgste farten som vart målt i kontrollen var 63 km/t, melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Kommentarer til denne saken