Gå til sidens hovedinnhold

Tok seg overlegent til kvartfinale

Anders Mol og Christian Sørum tok begge dei to første setta, og dermed seg enkelt vidare i OL.

Tidlegare Førde-spelar og medaljehåp i OL i Tokyo, Anders Mol og makkeren spelte søndag mot den nederlandske duoen Brouwer/Meeuwsen.

Den kampen gjekk nordmennene sigrande ut av, etter å ha vunne 2–0 i sett. Settsiffera vart 21–17 og 21–19.

Den norske sandvolleyballduoen er blant dei største gullkandidatane i årets sommer-OL. Men turneringa har vore litt under det vande nivet for storfavorittane. Sist kamp tapte dei til dømes for russerane Leshukov/Semenov.

– Det var litt «do or die», det var litt vikingmentalitet i dag. Vi ville ikkje ut av dette OL, seier Mol til VG etter kampen.

Mol og Sørum møter no vinnaren av det chilenske paret Grimalt/Grimalt og russerane dei tapte mot sist: Leshukov/Semenov.

Denne kampen vert spelt måndag.

Les også

Her sit truleg Naustdal sin mest spente familie

Kommentarer til denne saken