Gå til sidens hovedinnhold

Tok råkøyrar i 112 km/t – ein annan måtte sjå lappen ryke

Seks bilistar måtte punge ut etter ein fartskontroll i Jølster søndag. Ein annan måtte sjå lappen ryke.

Up hadde søndag ein fartskontroll på Indre Årdal i Jølster. Kontrollen vart halden i 80-sona på E39.

Her måtte patruljen skrive ut seks forenkla førelegg, etter at seks bilistar braut fartsgrensa.

Den med høgst fart vart målt til 112 km/t, altså var han svært nære å miste lappen. Like heldig var ikkje ein annan bilist i kontrollen. Etter å ha drege på seg for mange prikkar måtte han sjå lappen ryke. I tillegg vart han meldt av politiet.

Up-patruljen var på staden mellom 17.00 og 20.00.