Den rabiate mannen er på veg frå indre Sogn til arrest i Bergen.
Prøvde å stogge bilen
Det var like etter klokka to natt til søndag at politiet prøvde å stogge ein bil i Øvre Årdal.
Føraren, ein mann i byrjinga av trettiåra, stakk av, men vart teken igjen av politiet.
Oppførte seg voldsomt
Mannen oppførte seg voldsomt i møtet med politiet.
– Han spytta og sparka og tok kvelartak på ein polititenestemann, seier Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Han er no på veg til arrest i Bergen.
– Finst det ikkje arrest i Sogn?
– Årsaka til at han vert transportert til Bergen, er at vi har betre vakthald her, og dermed kan vi også ta betre vare på vedkomande, seier Rebnord til Firda.