Tok den største laksen i heile elva

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Den største fisken som er teke i Gloppenelva så langt i år var ein laks på 8 kilo, og den var det Mathias Gjengedal Fossheim (11) som fiska.

DEL

– Ein må ikkje prøve å slite han ut, berre dra han rett inn, lyder tipset til 11-åringen, om korleis ein skal få storlaksen i land.

Måndag drog han inn den største fisken som er teke i Gloppenelva så langt i år. Med fire fiskar mot éin knuste han dermed far sin i deira personlege fiskekonkurranse.

Fisketriks

– Det var eigentleg berre tilfeldig at vi i det heile tatt byrja å fiske i elva, fortel pappa Jan Tore Fossheim.

Laurdag kom broren Per Ove og spurte om dei ville fiske litt etter at han hadde fiska heile natta og trengde ein pause, og då var ikkje Mathias vond og be.

– Han har heile tida vore fiskeinteressert. Om han ikkje har noko anna å gjere på spør han stadig om vi skal dra ut på fisketur. Han blir ikkje lei, fortel Jan Tore.

Dei stod ti timar første dagen utan fiskehell, men mot slutten kom onkel Per Ove og synte 11-åringen nokre triks. Ein halvtime etter kom første fisken på land. Ein liten laks på 1,5 kilo.

Ivrig

Dagen etter hadde Mathias fått blod på tann.

– Han kom inn i fire-halv femtida på morgonen og lurte på om vi ikkje skulle dra snart, eg fekk utsett det litt, men halv sju var han fullt påkledd og ville ut, fortel den stolte pappaen.

Søndag stod dei eit par timar og Mathias fekk ein ny fisk på land, andremann vog 1,7 kilo.

Siste sjanse

Måndag var siste dagen grunneigarane disponerte elva og siste sjanse for Jan Tore å ta igjen sonen i deira personlege fiskekonkurranse.

– Siste dagen fekk eg éin fisk, og eitt og anna napp i stanga, medan Mathias drog i land alle som nappa hos han.

11-åringen halte tidleg inn ein laks på to kilo før stanga igjen byrja å riste mot slutten av fiskedagen.

– Eg høyrde eit hyl om at det var fisk og måtte berre springe ned til der han stod, fortel Jan Tore, som dermed måtte innsjå eit grunding nederlag i fiskekonkurransen. Opp drog nemleg Mathias ein laks på 8 kilo, den største som er teke i Gloppenelva så langt i år.

Mathias har aldri fått laks på kroken tidlegare. Det er stor forskjell på aure på 600–700 gram og laksen på 8 kilo.

– Det var veldig gøy, er hovudpersonen sin kommentar til storfisken.

Og han har ikkje drege opp den største laksen sin endå.

– Eg gir meg aldri. Neste år er målet å ta ein på 16 kilo, seier den ivrige fiskaren.

Kjøpte same stong

Laksen hamna ikkje i magen til fiskaren sjølv, men vart selt til Gloppen hotell.

– Mathias ville eigentleg ete han, men dei siste dagane hadde vi fått så mykje laks allereie, fortel Jan Tore.

Mathias fekk seg dermed ein 1000-lapp for fisken sin, og den brukte han på eiga stong.

– Fiskestonga eg brukte no var pappa si, så eg kjøpte meg ny fiskestong for pengane. Akkurat same sort som den eg fekk laksen med, seier han nøgd.

At Jan Tore på førehand hadde handla slukar for 750 kr og siste dagen hadde to igjen, gjorde ingenting.

– Det var absolutt verdt det, ler han.