Tøffe tak om første NTP-prioritering frå politikarane i Vestland

DIGITALT MØTE: I Vestland vart kampen om prioriteringar i Nasjonal Transportplan innleia i Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland tysdag. Foto: Vestland Fylkeskommune

DIGITALT MØTE: I Vestland vart kampen om prioriteringar i Nasjonal Transportplan innleia i Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland tysdag. Foto: Vestland Fylkeskommune Foto:

Dei folkevalde i Vestland skal for første gong kome med sine innspel til Nasjonal Transportplan. Første runde i Hovudutval for samferdsel og mobilitet tysdag viste at dette ikkje blir enkelt.

DEL

– Vi har store uløyste utfordringar innan samferdsle i dette mangfaldige fylket, og hovudutvalet hadde ein brei politisk diskusjon med vilje om å samlast rundt prioriteringane våre, seier hovudutvalsleiar Jannicke Bergesen Clarke i ei pressemelding frå Vestland fylke, etter møtet i hovudutvalet.

Fylkeskommunane skal gi Samferdselsdepartementet ei liste over prioriterte prosjekt til Nasjonal transportplan 2022–2033. I Vestland skal denne lista endeleg vedtakast i fylkestinget 12. mai.

Då Hovudutval for samferdsel og mobilitet skulle einast om ei prioritering tysdag, vart ikkje partia samde, og det vart difor vedteke å «ta drøftinga til vitande og sende saka vidare til fylkesutvalet 30. april».

Partia jobbar no vidare med å finVne ei brei tverrpolitisk einigheit i saka, som fylkesutvalet skal behandle torsdag.

– Vestland er eit stort fylke med ulike behov, frå rassikring og vegvedlikehald til nye prosjekt. Vi er einige om at det framleis må vere høge rammer til Vestland i NTP 2022-2033, seier Clarke.

Hordfast og E16

Fylkesrådmannen har måtta tola kritikk for å ha plassert Voss-Stanghelle for langt nede på lista over prosjekta som skal prioriterast, og her er dei fleste politiske partia usamde med han.

I forslaget står det elles at ferjefri E39 bør vere ei målsetting på sikt, men at strekningane mellom fjordkryssingane må prioriterast i første omgang. «Samfunnsøkonomisk effektivitet er ikkje er tilstrekkeleg som vurderingskriterium for prioriteringar åleine, men transportnettet må vere trygt, føreseieleg og framkommeleg», heiter det.

Medan SV var samd i prioriteringa av E16 Arna-Voss, og Bompengepartiet òg var skeptisk til dei økonomiske kostnadene ved Hordfast mellom Stord og Os, reagerte både Høgre og Frp tysdag på at fylkesrådmannen ikkje har prioritert Hordfast og ferjefritt E39 i forslaget.

– Samfunnsøkonomi må vere eitt av kriteria. Vi må tenke på framtida vår og på bu- og arbeidsmarknad, så vi har noko å leve av i framtida, sa Silja Bjørkly (H) til Bergens Tidende etter møtet.

Frank Willy Djuvik (Frp) argumenterte òg for å prioritere Hordfastsambandet mellom Stord og Os i Hordaland, og seier fylka har stått samla om ferjefri E39 for å skape verdiskaping og trekke samferdselsressursar til Vestlandet.

Sp har ikkje tatt stilling til Hordfast åleine, men vil ha meir fokus på E39 enn det som var foreslått, skriv BT.

Linda Monsen Merkesdal (Ap) frå Voss, seier til avisa Hordaland at det på møtet var brei oppslutnad om at omsynet til liv og helse må prioriterast, og at det ikkje vart gjort konkrete utspel eller endringar i tilrådinga. Det var heller ingen som argumenterte mot K5, fortel ho til avisa. K5 er alternativet for utbygging av E16 som legg opp til å kutte reisetida med bil mellom Arna-Voss frå 72 til 46 minutt, med mellom anna åtte nye tunnelar for bil og tog.

Prioriterte vegprosjekt

I tillegg til at E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle var høgt oppe på den omdiskuterte prioriteringslista, var oppstart av rv. 555 Sotrasambandet og E39 Myrmel-Lunde, og oppstart av E134 Seljestad-Røldal ved hjelp av bompengelån.

Det var òg foreslått å prioritere strekninga E16 Trengereid-Stanghelle framfor E16 Arna-Trengereid. Samstundes må Vossebanen også byggjast ut saman med E16 på strekninga, heiter det i forslaget.

Ein samla plan for utbygging av E39, som ei hovudferdselsåre med tilstrekkeleg god standard for å binde landsdelen saman, står òg på lista. Strekningane E39 Eikefet-Romarheim, E39 Bogstunnelen-Gaular grense, E39 Storehaugen-Førde og E39 Byrkjelo-Grodås blir trekt fram som område som må prioriterast.

Nye oppgåver til fylka

Fornying av ferjeflåten, oppfølging av tunneltryggleiksforskrifta og ansvaret for fiskerihamner, er nye oppgåver som fylkeskommunen meiner dei ikkje har fått tilstrekkelege ressursar til å forvalte. Krav til reduksjon av klimagassutslepp for hurtigbåtane gir òg store økonomiske utfordringar.

I forslaget til innstilling var det òg kravd at det vert sett av midlar for å betre framkomme på fylkesvegar som fungerer som omkøyringsvegar når riksvegar blir stengde grunna ulukker, ras og flaum og vegarbeid.

Det var òg foreslått å opprette nye FOT-ruter for lokalfly på strekningar der det ikkje lenger er økonomiske lønsamt med kommersielle flyruter.

Artikkeltags