SOGN AVIS: Etter ein mållaus første omgang, tok Sogndal meir grep om kampen i andre omgang. Sondre Ørjasæter sende Sogndal i leiinga i det 63. minutt. Men om lag ti minutt seinare sytte KFUM for balanse i rekneskapen og det står 1-1.
Fleire mål vart det ikkje i løpet av full tid, dermed går kampen til ekstraomgangar.
Ingen av laga fekk hol på byllen i løpet av to gonger 15 minuttar heller. Dermed blir det straffesparkkonkurranse for å avgjere kven som går vidare i cupen.
Både KFUM-keeper Viken og Renze Fij i Sogndal-målet redda kvar sin gong i løpet av dei første fem straffesparka.
Då straffekonkurransen gjekk vidare scora Sogndal - såvidt, då ballen sneik seg under Viken og i mål. Fij varta derimot opp med nok ei redning på KFUM sitt neste straffespark.
Etter ein tøff batalje vart det Sogndal som gjekk sigrande ut av kampen, og kjem seg vidare til fjerde runde i NM.
To kampar
Ei litt annleis fotballveke ventar Tore André Flo og laget hans.
Dei kvite og svarte skal nemleg spela mot KFUM Oslo to gonger på fire dagar, først i cupen i ettermiddag – den ser du direkte her på våre nettsider, deretter i den 12. serierunden i OBOS-ligaen berre tre dagar seinare.
Begge kampane blir spelt i hovudstaden, difor har sogndølene re-lokalisert seg dit resten av denne veka.
Andre får sjansen
Med to så tette kampar mot same lag er det venta at Flo gjer ein del endringar på laget i høve dei elleve som starta i den viktige 1–0 sigeren over Mjøndalen måndag.
Endre Kupen, Anders Nord, Mathias Blårud, Andreas Hoven og Mansour Gueye kjem alle truleg inn frå start, slik at det skal vere nok friske bein att når tre poeng står på spel kort tid seinare.
Må vente
Om Sogndal skulle gå vidare frå dagens kamp, så har dei god tid til å vente på å få spele fjerde runde.
Den blir nemleg spelt i mars (!) 2023, som ein del av det nye cupoppsettet som blir testa ut her til lands. Dette blei praktisert for første gong i fjor i samband med pandemien, og blei altså vidareført i år.
Kampen ser du på Direktesport frå klokka 18.00.