To vogntog tekne av vinden på Strynefjellet

BERGAR TO VOGNTOG: Bilbergar er no til stades på Strynefellet for å berge dei to vogntoga. Rv 15 Breidalen 1. Retning mot Oppljostunnelen klokka. 15.22.

BERGAR TO VOGNTOG: Bilbergar er no til stades på Strynefellet for å berge dei to vogntoga. Rv 15 Breidalen 1. Retning mot Oppljostunnelen klokka. 15.22. Foto:

Tidlegare i dag bles vinden to vogntog over ende på Strynefjellet. No er bilbergar i gang med å få dei opp av grøfta.

DEL

– No skal vi til med nokre puter som vi bles luft i for å heve vogntoga, fortel bilbergar Jan Bernhoft i Jan's Bil.

Han var også den som kom til staden då dei tidlegare i dag fekk melding om at eit kraftig vindkast hadde blåse to vogntog over ende på riksveg 15 over Strynefjellet. Det skjedde kring 100 meter frå innkøyrsla til Oppljostunnelen. Ingen av førarane var skadd under uhella.

Det var NRK Vestland som først omtala saka.

Vegen over Strynefjellet no grunna uvêr. Bernhoft og fleire i bilbergingstenesta skal vidare trekke dei to vogntoga opp på vegen att. Den eine føraren er framleis på staden.

– No kan eg ikkje prate meir. Vi må jobbe viss vi skal få til dette veit du, seier Bernhoft.

Artikkeltags