To unge sjåførar mista lappen etter råkøyring på E39

Elleve personar trakka for hardt på gasspedalen då dei køyrde forbi fartskontrollen. To av dei mista førarkortet.

DEL

Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll E39 ved Juklestad i Jølster onsdag kveld. Fartsgrensa på staden er 80 km/t, og UP stod der frå klokka 20 til 00.15.

Ein tenåring frå austlandet fekk førarkortet sitt inndratt etter å ha køyrt forbi laser kontrollen i 117 7m/t. Ei jente i 20-åra frå Sunnmøre mista også førarkortet etter at ho suste forbi i 126 km/t.

I tillegg fekk ni personar forenkla førelegg. Den høgaste målte farten hos desse var 113 km/t.

Artikkeltags