To til legevakt etter slåstkamp i Førde

Årsaka til slåstkampen er ukjent.

DEL

Klokka 00.50 natt til laurdag fekk politiet melding frå ein forbipasserande om at det var ein slåstkamp i Hafstadparken i Førde.

– Det skal ha vore to til tre personar som stod for det meste av slåstinga, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt.

Han fortel at det var ein person på 17 år og to i 20-åra, men kven som starta slagsmålet er ikkje kjent.

– Politiet var på staden og dei har ikkje fått utpeikt ein mistenkt. Det var andre ungdommar der og dei fekk beskjed om å halde seg vekke frå området, noko dei også har gjort. Politiet gjorde også avhøyr av vitna, seier Kolltveit.

To av dei tre ungdommane vart sende til legevakta med ambulanse for sjekk. Det er ikkje meldt om alvorlege skadar.

– Ein hadde sprokken leppe og blødde frå nasen, medan den andre hadde skrubbsår i ansiktet. Den tredje klaga på smerte i kjeven, men eg veit ikkje om vedkommande også drog til legevakta.

Artikkeltags