To stengde vegar i Stad

DEL

– Førebels ser det ut til at vi klarer å ta unna greitt, det seier Lars Karlsen.

Han er prosjektleiar for drift og vedlikehald og har ansvaret for at fylkes- og riksvegane i Fjordane, i tillegg til E39 i Sogn og Fjordane, er forskriftsmessig brøytt.

På fylkesveg 618 har ein brøytebil køyrt av vegen ved Selje, opplyser Vegtrafikksentralen. Fylkesveg 619 er stengd mellom Selje skule og Sandvik på grunn av uvêr.

Eit vogntog har trøbbel ved Fjærlandstunnelen, og står i ro der, men det er passering på staden, opplyser vegtrafikksentralen klokka 07.45.

Jenni Nilsson på Vegtrafikksentralen vest, seier klokka 07.45 at det ligg ein del snø på vegane rundt om, og oppfordrar folk til å køyre etter forholda og ta det pent.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken