To Spellemannsprisar til Sunnfjord

VINNARAR: Erlend Apneseth (t.h.) og Kristian Eivind Espedal vann Spelleman.

VINNARAR: Erlend Apneseth (t.h.) og Kristian Eivind Espedal vann Spelleman. Foto:

Fjalerbuen Kristian Eivind Espedal og jølstringen Erlend Apneseth stakk av med kvar sin pris under årets Spellemann.

DEL

Spellemannsprisen skulle eigentleg ha blitt halde 28. mars på Chateau Neuf i Oslo, men grunna koronakrisa vart arrangementet avlyst, men prisane har likevel blitt delt ut.

Metalbandet Gaahls Wyrd, der Kristian Eivind Espedal er vokalist, vann spellemann for albumet «GastiR – Ghosts invited». Dei konkurrerte mot Kampfar, SÂVER og Sibiir.

Erlend Apneseth Trio frå Jølster vann Open Klasse. Dei andre nominerte var Ståle Storløkken, Susanna & the Brotherhood of Our Lady og Deathprod.

Oversikt over alle vinnarane finn du på spellemann.no.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken